Barnevern

  • 01.09.2013 12:56

    Når barnevernet griper inn i foreldrekonflikter

    Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet har laget en ny "instruks" om barnevernets rolle der foreldrenes konflikter går ut over...

  • 26.03.2013 22:38

    Mentalt tilbakestående barnevern?

    En gammel og sær filosfofi Av advokat Olav Sylte olav@advokatsylte.no Barnepsykolog Magne Raundalen og professor Willy-Tore Mørch ber i...

  • 26.03.2013 22:31

    Evaluering av det norske barnevernet

    (Kilde: www.advokatsylte.no - 2012)   Evalueringen av barnevernet er i følge Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet  fullført....

Vis fler

Barnefordeling

  • 01.09.2013 12:56

    Når barnevernet griper inn i foreldrekonflikter

    Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet har laget en ny "instruks" om barnevernets rolle der foreldrenes konflikter går ut over...

  • 26.03.2013 22:39

    Skjema - avtale om delt foreldreansvar

    Her finner du SKJEMA for registrering av avtale om felles foreldreansvar. Husk å sende det til folkeregisteret, for først når slik melding er...

  • 26.03.2013 22:18

    Foreldreansvar og adopsjon

    (Kilde: www.advokatsylte.no - 2011) Foreldreansvar Alle barn har noen som har foreldreansvar for seg. Enten har begge biologiske foreldrene...

Vis fler

Skilsmisse

  • 29.03.2013 14:43

    Skifteoppgjør ved skilsmisse

                                                         (Kilde: www.advokatsylte.no - 2011) Skifteoppgjør ved skilsmisse skaper ofte store...

  • 29.03.2013 14:11

    Skilsmisse og lån

    (Kilde: www.advokatsylte.no - 2011) I følge Norges Bank og SSB (2011) har 20% av de norske husholdningene en samlet lånegjeld som er 3 ganger så...

  • 29.03.2013 13:56

    Skilsmisse og skjevdeling

                                                        (Kilde: www.advokatsylte.no - 2011) I denne artikkelen gir vi en kort oversikt over...

  • 29.03.2013 13:50

    Skjema søknad om skilsmisse

    Skjema for søknad om skilsmisse Du finner skjema for søknad om separasjon og skilsmisse her. Dette skal fylles ut og signeres av ektefellene...

Vis fler

Arverett

  • 13.04.2013 19:52

    Arvefordelingen ved dødsfall

    Her gir vi en kort oversikt over hvilke rettigheter og plikter du har som arving etter et dødsfall. Ta kontakt med en av våre advokater, dersom...

Vis fler

Barneloven

INNHOLD

Lov om barn og foreldre (barneloven).

Kapittel 1. Nokre føresegner i samband med fødselen.
    § 1. Fødselsmelding.
    § 1a. Rett for mora til å ha nokon med ved fødselen

Kapittel 2. Kven som er mor, far eller medmor til barnet
    § 2. Kven som er mor til barnet.
    § 3. Farskap eller medmorskap etter ekteskap
    § 4. Vedgåing av farskap eller medmorskap
    § 4a. Medmorskap til barnet
    § 5. Ansvaret for det offentlege for å få fastsett farskapen eller medmorskapen.
    § 6. Endring av farskap etter §§ 3 og 4 for domstolane.
    § 7. Endring av farskap etter §§ 3 og 4 når ein annan mann vedgår farskap.
    § 8. Farskapen eller medmorskapen kan ikkje prøvast i andre saker
    § 9. Vilkåra for å seie dom i farskapssak.

Kapittel 3. Oppgåvene til Arbeids- og velferdsetaten i farskapssaker
    § 10. Oppgåvene til tilskotsfuten.
    § 11. Arbeids- og velferdsdirektoratet skriv ut farskapsførelegg.
    § 12. Innhaldet i førelegget.
    § 13. Når saka går til retten m.m.

Kapittel 4. Rettargang i farskapssaker.
    § 14. Tilhøvet til allmenne rettargangsreglar.
    § 15. Kva for domstol saka høyrer under.
    § 16. Kva for spørsmål som kan takast opp i ei farskapssak.
    § 17. Partane i saka.
    § 18. Setteverje for barnet.
    § 19. Tilseiing om stemning og innkalling.
    § 20. (Oppheva med lov 28 apr 2000 nr. 34 (ikr. 1 juli 2000, etter res. 28 apr 2000 nr. 366).)...
    § 21. Forklaring frå partar og vitne.
    § 22. Provføring om seksuelle tilhøve.
    § 23. Fråvering.
    § 24. Blodprøve og gransking av arvemerke.
    § 25. Dom utan hovudforhandling.
    § 26. Heving av saka.
    § 27. Utvida rettskraft.
    § 28. Særreglar for ankesaker
    § 28a. Særreglar om gjenopning
    § 29. Kostnaden med saka.

Kapittel 4A. Rettargang i andre slektskapssaker enn farskapssaker.
    § 29a. Verkeområdet og tilhøvet til allmenne rettargangsreglar
    § 29b. Kven som kan vere part i slektskapssak
    § 29c. Stillinga til verja
    § 29d. Utvida rettskraft
    § 29e. Gjenopning

Kapittel 5. Foreldreansvaret og kvar barnet skal bu fast.
    § 30. Innhaldet i foreldreansvaret.
    § 30a. Avtale om ekteskap.
    § 31. Rett for barnet til å vere med på avgjerd
    § 32. Utdanning, medlemskap i foreiningar.
    § 33. Barnet sin sjølvråderett.
    § 34. Foreldreansvaret når foreldra er eller har vore gifte
    § 35. Foreldreansvaret når foreldra ikkje er gifte.
    § 35a. (Oppheva med lov 20 juni 2003 nr. 40 (ikr. 1 apr 2004, etter res. 20 juni 2003 nr. 728).)...
    § 36. Kvar barnet skal bu fast
    § 37. Avgjerder som kan takast av den som barnet bur fast saman med.
    § 38. Foreldreansvar etter dødsfall
    § 39. Registrering av foreldreansvaret
    § 40. Flytting med barnet til utlandet.
    § 41. Utanlandsferd med barnet.

Kapittel 6. Samværsrett m.m.
    § 42. Barnet sin rett til samvær.
    § 43. Omfanget av samværet mv.
    § 44. Reisekostnader ved samvær
    § 44a. (Oppheva med lov 20 juni 2003 nr. 40 (ikr. 1 apr 2004, etter res. 20 juni 2003 nr. 728).)...
    § 44b. (Oppheva med lov 20 juni 2003 nr. 40 (ikr. 1 apr 2004, etter res. 20 juni 2003 nr. 728).)...
    § 45. Samværsrett for andre enn foreldra
    § 46. Rett til å bli høyrd før ei avgjerd om framtida til barnet.
    § 47. Rett til opplysningar om barnet.

Kapittel 7. Sakshandsaminga i saker om foreldreansvaret, om kvar barnet skal bu fast og om samvær

I. Innleiande føresegner
    § 48. Det beste for barnet
    § 49. Advokatar
    § 50. Teieplikt

II. Mekling og vedtak om tvangskraft for avtaler
    § 51. Kven skal møte til mekling
    § 52. Føremålet med og innhaldet i meklinga
    § 53. Frammøte
    § 54. Meklingsattest
    § 55. Vedtak om tvangskraft for avtaler

III. Sakshandsaminga for retten
    § 56. Vilkår for å reise sak
    § 57. Kvar sak skal reisast
    § 58. Stemnemål og tilsvar
    § 59. Sakshandsaminga
    § 60. Førebels avgjerd
    § 60a. Førebels avgjerd om foreldreansvar ved sikting m.m. etter straffelova
    § 61. Avgjerder under saksførebuinga
    § 62. Anke over avgjerder under saksførebuinga
    § 63. Handsamingsmåten for krav om foreldreansvar etter dødsfall
    § 64. Endring av avtale eller avgjerd om foreldreansvaret o.l.

IV. Tvangsfullføring
    § 65. Tvangsfullføring

Kapittel 8. Fostringsplikt.
    § 66. Foreldra sin skyldnad til å fostre barnet.
    § 67. Fostringstilskot.
    § 68. Kor lenge fostringsplikta varer.
    § 69. Tilhøvet mellom reglane om fostringsplikt etter barnelova og barnevernloven
    § 70. Korleis fostringstilskotet vert fastsett.
    § 71. Offentleg utmåling av fostringstilskot
    § 72. Fastsetjing av tilskot for tid som har gått.
    § 73. Indeksregulering av fostringstilskot.
    § 74. Særskilt endring av fastsett tilskot.
    § 75. Tilhøvet mellom avgjerdsorgan og påstandar frå partane.
    § 76. Førebels avgjerd i tilskotssaker.
    § 77. Klage
    § 78. Gjennomføring av avgjerder om tilskot og gebyr. Tvangsgrunnlag.
    § 79. Forskot på tilskot.
    § 80. Tilbakesøking av fostringstilskotet når farskapen vert endra

Kapittel 9. Om bruken av barnelova når nokon av partane har tilknytning til utlandet.
    § 81. Når farskap eller medmorskap kan fastsetjast i Noreg
    § 82. Når sak om foreldreansvar eller samværsrett kan handsamast av norsk doms- eller styresmakt.
    § 83. Når sak om fostringstilskot kan handsamast av norsk doms- eller styresmakt.
    § 83a. Henting og utlevering av opplysningar etter avtale med framand stat
    § 83b. Godkjenning av private avtaler for innkrevjing i utlandet
    § 84. Lovvalet.
    § 85. Godkjenning av farskap eller medmorskap fastsett i utlandet

Kapittel 10. Avsluttande føresegner.
    § 86. Gjennomføringsforskrifter.
    § 87. Ikraftsetjing.
    § 88. Kva lova har å seie for barn som er født før lova tek til å gjelde.
    § 89. Endringar i andre lover.


Lov om barn og foreldre (barneloven).

Jf. lover 22 apr 1927 nr. 3, 6 mars 1981 nr. 5, 8 juli 1988 nr. 72, 17 feb 1989 nr. 2, 17 juli 1992 nr. 100, 21 mai 1999 nr. 30 § 2 nr. 4, jf. vedlegg 7 og 8, lov 29 apr 2005 nr. 20. – Jf. tidlegare lover 1 aug 1821 § 1 og § 10, 15 sep 1851 § 2, 6 juli 1892 nr. 5, 10 apr 1915 nr. 6 (med tilleggslover 25 juni 1937 nr. 13, 28 juli 1949 nr. 7, 9 des 1955 nr. 5), 21 des 1956 nr. 8, 9 og 10 (med tilleggslover 19 juni 1969 nr. 4, 16 juni 1972 nr. 44, 20 des 1974 nr. 67).

Kapittel 1. Nokre føresegner i samband med fødselen.

§ 1. Fødselsmelding.

       Når eit barn er født, skal lækjaren eller jordmora gje fødselsmelding til folkeregistermyndigheita. I meldinga skal opplysast kven som er far til barnet i samsvar med § 3 eller § 4, eller kven mora har gjeve opp som far til barnet i tilfelle der farskapen enno ikkje er fastsett. I meldinga skal også opplysast om foreldra lever saman. Meldinga skal dessutan innehalde dei opplysningane som departementet fastset.

       Når barnet er født utan at lækjar eller jordmor var til stades, skal mora sjølv gje fødselsmelding til folkeregistermyndigheita innan ein månad. Føder ho barnet medan ho mellombels held til i utlandet, skal ho gje melding til folkeregistermyndigheita innan ein månad etter at barnet er kome til Noreg.

       Fødselsmelding skal også gjevast når barnet er dødfødt.

       I tilfelle då farskapen enno ikkje er fastsett eller foreldra ikkje lever saman, skal fødselsmeldinga sendast både til folkeregistermyndigheita og tilskotsfuten.

Endra med lov 29 juni 2007 nr. 53 (ikr. 1 jan 2008, etter res. 7 des 2007 nr. 1370).

§ 1a. Rett for mora til å ha nokon med ved fødselen

       Ved fødselen har mora rett til å ha med far eller medmor til barnet eller ein annan som står henne nær, dersom det ikkje er utilrådeleg av medisinske grunnar.

Endra med lover 13 juni 1997 nr. 39 (ikr. 1 jan 1998), endra paragraftal frå § 2, 27 juni 2008 nr. 53 (ikr. 1 jan 2009, etter res. 27 juni 2008 nr. 745).

Kapittel 2. Kven som er mor, far eller medmor til barnet

Overskrifta endra med lov 27 juni 2008 nr. 53 (ikr. 1 jan 2009, etter res. 27 juni 2008 nr. 745).

§ 2. Kven som er mor til barnet.

       Som mor til barnet skal reknast den kvinna som har fødd barnet.

       Avtale om å føde eit barn for ei anna kvinne er ikkje bindande.

Føyd til med lov 13 juni 1997 nr. 39 (ikr. 1 jan 1998).

§ 3. Farskap eller medmorskap etter ekteskap

       Som far til barnet skal reknast den mannen som mora er gift med ved fødselen.

       Som medmor til barnet skal reknast den kvinna som mora er gift med ved fødselen når barnet er avla ved assistert befruktning innafor godkjent helsestell og med kvinna sitt samtykke til befruktninga. Ved assistert befruktning innafor godkjent helsestell i utlandet må identiteten til sædgiver vere kjent.

       Var ektefellene ved fødselen separerte ved løyve eller dom, gjeld ikkje første og andre stykke.

       Er mora enkje, skal ektefellen reknast som far eller medmor dersom mora kan ha blitt med barn før ektefellen døydde.

Endra med lover 13 juni 1997 nr. 39 (ikr. 1 jan 1998 – men slik at første leden andre setninga, no tredje leden, ikkje gjeld for barn fødd før 1 jan 1998), 27 juni 2008 nr. 53 (ikr. 1 jan 2009, etter res. 27 juni 2008 nr. 745), 9 apr 2010 nr. 13 (ikr. 9 apr 2010, etter res. 9 apr 2010 nr. 500).

§ 4. Vedgåing av farskap eller medmorskap

       Når farskap ikkje følgjer av reglane i § 3, kan faren vedgå farskap under svangerskapet eller etter at barnet er født.

       Faren skal vedgå farskapen skriftleg anten i fødselsmeldinga eller ved personleg frammøte for

a)folkeregistermyndigheita
b)tilskotsfuten, dommaren eller det organ i Arbeids- og velferdsetaten som Arbeids- og velferdsdirektoratet bestemmer.
c)norsk diplomatisk eller konsulær tenestemann, dersom faren er i utlandet
d)skipsføraren, dersom faren er om bord på norsk skip i utanriksfart
e)utanlandsk styresmakt, når Kongen har fastsett det, eller
f)jordmor eller lege ved svangerskapskontroll.

Vedgåing etter dette stykket gjeld berre når mora har godteke henne skriftleg, eller ho er gjeven av den som mora har gjeve opp som far.

       Dersom sambuarar er folkeregistrerte på same adresse eller erklærer i melding til folkeregistermyndigheita at dei bur saman, kan sambuaren til mora vedgå farskapen etter paragrafen her, utan at mora medverkar etter andre stykket andre punktum. Mora skal få melding om vedgåinga. Dersom partane er usamde om farskapen, skal det offentlege fastsetje farskapen, jf. § 5. Departementet kan gje nærare reglar i forskrift.

       Vedgåing kan dessutan gjevast ved påteikning på farskapsførelegg.

       Er den som vil vedgå farskapen under 18 år, må også dei som har foreldreansvaret for han, skrive under vedgåinga.

       Er eit barn fødd etter assistert befruktning, kan moras kvinnelege sambuar vedgå medmorskap etter reglane i paragrafen her. Den assisterte befruktninga må ha skjedd innafor godkjent helsestell, og moras kvinnelege sambuar må ha gjeve samtykke til befruktninga. Berre myndige personar kan gi slikt samtykke. Regelen i § 3 andre ledd andre punktum gjeld tilsvarande.

Endra med lover 19 juni 1992 nr. 63, 13 juni 1997 nr. 39 (ikr. 1 jan 1998), 20 des 2002 nr. 92 (ikr. 1 apr 2003, etter res. 20 des 2002 nr. 1696), 17 juni 2005 nr. 63 (ikr. 1 jan 2006, etter res. 17 juni 2005 nr. 612), 16 juni 2006 nr. 20 (ikr. 1 juli 2006, etter res. 16 juni 2006 nr. 631), 29 juni 2007 nr. 53 (ikr. 1 jan 2008, etter res. 7 des 2007 nr. 1370), 27 juni 2008 nr. 53 (ikr. 1 jan 2009, etter res. 27 juni 2008 nr. 745).

§ 4a. Medmorskap til barnet

       Som medmor til barnet skal reknast moras kvinnelige ektefelle eller sambuar, dersom medmorskapen følgjer av ekteskap, vedgåing eller dom.

       Eit barn kan ikkje ha både ein far og ei medmor.

       Reglar i lov eller forskrift som gjeld om eller for ein far, gjeld på same vis om eller for ei medmor.

       Departementet kan ved forskrift gje utfyllande reglar om fastsetjing av medmorskap etter §§ 3 og 4 i barneloven. Føyd til med lov 27 juni 2008 nr. 53 (ikr. 1 jan 2009, etter res. 27 juni 2008 nr. 745).

§ 5. Ansvaret for det offentlege for å få fastsett farskapen eller medmorskapen.

       Dersom barnet korkje har far eller medmor i samsvar med reglane i §§ 3 og 4, skal det offentlege ta seg av å få fastsett kven som er faren eller medmora, jf. kapittel 3 og 4.

Endra med lov 27 juni 2008 nr. 53 (ikr. 1 jan 2009, etter res. 27 juni 2008 nr. 745).

§ 6. Endring av farskap etter §§ 3 og 4 for domstolane.

       Barnet, kvar av foreldra og tredjemann som meiner han er far til eit barn som allereie har ein far, kan alltid reise sak for domstolane om farskap etter ekteskap eller vedgåing. Er barnet umyndig, vert saka reist av oppnemnd verje. Er barnet fylt 15 år, kan verja ikkje reise sak utan samtykke frå barnet. Når særlege grunnar taler for det, kan Arbeids- og velferdsdirektoratet reise saka.

Barneloven endret med lover 19 juni 1992 nr. 63, 13 juni 1997 nr. 39 (ikr. 1 jan 1998), 20 des 2002 nr. 92 (ikr. 1 apr 2003, etter res. 20 des 2002 nr. 1696), 16 juni 2006 nr. 20 (ikr. 1 juli 2006, etter res. 16 juni 2006 nr. 631).

§ 7. Endring av farskap etter §§ 3 og 4 når ein annan mann vedgår farskap.

       Farskap i samsvar med § 3 eller § 4 kan endrast ved at ein annan mann vedgår farskapen i samsvar med § 4, når vedgåinga er godteken skriftleg av mora og den som har vore rekna for far. Slik vedgåing gjeld likevel berre når Arbeids- og velferdsdirektoratet finn det truleg at den andre mannen er far til barnet.

Endra med lover 19 juni 1992 nr. 63, 13 juni 1997 nr. 39 (ikr. 1 jan 1998), 16 juni 2006 nr. 20 (ikr. 1 juli 2006, etter res. 16 juni 2006 nr. 631).

§ 8. Farskapen eller medmorskapen kan ikkje prøvast i andre saker

       Domstolar eller styringsorgan kan ikkje prøve farskapen eller medmorskapen i andre saker enn nemnt i §§ 6 og 7. Domstol eller styringsorgan kan ikkje i andre saker leggje til grunn at ein mann er faren eller ei kvinne medmora utan at det er fastsett etter lova her.

Barneloven endret med lov 27 juni 2008 nr. 53 (ikr. 1 jan 2009, etter res. 27 juni 2008 nr. 745).

§ 9. Vilkåra for å seie dom i farskapssak.

       Dersom ein mann blir utpeikt som far etter DNA-analyse, skal dom seiast for at han er faren. Dersom det ikkje ligg føre DNA-analyse, eller det er grunn til å tru at det heftar feil ved DNA-analysen, eller dersom nærståande slektningar også framstår som mogelege fedre, gjeld reglane i andre og tredje stykket.

       Har ein mann hatt samlege med mora på den tid ho kan ha blitt med barnet, skal dom seiast for at han er faren, dersom det ikkje er lite truleg at han er far til barnet.

       Har mora hatt samlege med fleire menn i den tida ho kan ha blitt med barnet, skal dom for farskap likevel berre seiast når det er monaleg meir truleg at ein av dei er faren enn nokon av dei andre.

       Er det utført assistert befruktning på mora, og ektemann eller sambuar har gitt sitt samtykke til dette, skal det seiast dom for at han er faren, dersom det ikkje er lite truleg at barnet er avla ved assistert befruktning.

       Sædgiveren kan ikkje dømast til far. Dette gjeld likevel ikkje dersom assistert befruktning er gjort med sæd frå ektemann eller sambuar.

Endra med lover 12 juni 1987 nr. 68, 5 aug 1994 nr. 56, 13 juni 1997 nr. 39 (ikr. 1 jan 1998), 5 des 2003 nr. 100 (ikr. 1 jan 2004, etter res. 19 des 2003 nr. 1591).

Kapittel 3. Oppgåvene til Arbeids- og velferdsetaten i farskapssaker

Overskrifta endra med lover 16 juni 1994 nr. 21, 16 juni 2006 nr. 20 (ikr. 1 juli 2006, etter res. 16 juni 2006 nr. 631).

§ 10. Oppgåvene til tilskotsfuten.

       Når tilskotsfuten får fødselsmelding etter § 1 fjerde stykket fordi farskapen ikkje er fastsett, skal han melde frå til den oppgjevne faren. Vedgår han ikkje farskapen i samsvar med § 4, skal tilskotsfuten om råd få han til å seia kva han meiner om farskapsspørsmålet. Vert farskapen vedgått, skal tilskotsfuten melde frå om det til folkeregistermyndigheita. Elles skal han utan vesentleg opphald sende saka til det organ i Arbeids- og velferdsetaten som Arbeids- og velferdsdirektoratet bestemmer.

       Tilskotsfuten skal sjølvbedd gjere både mora og den oppgjevne faren kjend med kva for økonomiske og andre rettar og plikter dei har når det gjeld barnet. Dersom dei ikkje har gjort avtale om forsytingstilskotet etter § 70 første stykket, skal tilskotsfuten få greie på deira arbeid, utdanning, inntekt, formue og andre tilhøve som kan ha noko å seie for fastsetjinga av forsytingstilskotet etter § 70 femte stykket. For å fastsetje tilskotet kan tilskotsfuten utan omsyn til teieplikta krevje opplysningar som trengst frå arbeidsgjevarar, Direktoratet for sjømenn, likningsstell og trygdeverk og frå forsikringsselskap, bankar og andre som forvarer eller styrer formueverdiar.

       Tilskotsfut er det organ i Arbeids- og velferdsetaten som Arbeids- og velferdsdirektoratet bestemmer. Departementet kan fastsetje noko anna.

Barneloven endret med lover 3 mars 1989 nr. 8, 19 juni 1992 nr. 63, 13 juni 1997 nr. 39 (ikr. 1 jan 1998), 20 juni 2003 nr. 40 (ikr. 1 apr 2004, etter res. 20 juni 2003 nr. 728), 16 juni 2006 nr. 20 (ikr. 1 juli 2006, etter res. 16 juni 2006 nr. 631), 29 juni 2007 nr. 53 (ikr. 1 jan 2008, etter res. 7 des 2007 nr. 1370).

§ 11. Arbeids- og velferdsdirektoratet skriv ut farskapsførelegg.

       Arbeids- og velferdsdirektoratet kan krevje at mora og den eller dei som kan vere far til barnet, gjev forklaring, og kan gje pålegg om blodprøve og DNA-test av dei og barnet. I særlege tilfelle kan den som kan vere far påleggjast å avgje blodprøve og DNA-test før barnet er fødd.

       Departementet kan ved forskrift gje utfyllande reglar om blodprøver og DNA-testing.

       Lækjaren eller jordmora som har hatt mora til svangerskapskontroll, er utan omsyn til teieplikt skyldige til å gje Arbeids- og velferdsdirektoratet slike opplysningar om svangerskapet og farskapen som departementet fastset i forskrift.

       Har den oppgjevne faren ikkje vedgått farskapen, men Arbeids- og velferdsdirektoratet finn det truleg at han er faren, skal det skrivast ut farskapsførelegg mot han. Arbeids- og velferdsdirektoratet kan skrive ut farskapsførelegg mot ein annan mann som kontoret meiner mest truleg er faren. Arbeids- og velferdsdirektoratet skal ikkje skrive ut førelegg når den som truleg er faren, er død eller sinnsjuk. Dersom han bur i utlandet, kan Arbeids- og velferdsdirektoratet la vere å skrive ut førelegg.

       Døyr barnet kort tid etter fødselen, kan Arbeids- og velferdsdirektoratet la vere å skrive ut førelegg når mora er samd i det. Det same gjeld når andre sterke grunnar talar for å leggje bort saka.

       Dersom Arbeids- og velferdsdirektoratet legg bort saka, kan barnet, mora eller den mannen som meiner at han er far til barnet, sjølv reise sak om farskapen for domstolane.

Barneloven endret med lover 19 juni 1992 nr. 63, 16 juni 1994 nr. 21, 13 juni 1997 nr. 39 (ikr. 1 jan 1998, etter res. 13 juni 1997 nr. 576), 16 juni 2006 nr. 20 (ikr. 1 juli 2006, etter res. 16 juni 2006 nr. 631).

§ 12. Innhaldet i førelegget.

       I førelegget skal stå at vedkomande vert rekna for far til barnet dersom han vedgår farskapen, jf § 4, og at saka vil bli send retten til avgjerd dersom han ikkje vedgår farskapen innan ein månad etter at han har fått førelegget.

       I førelegget skal opplysast kva for rettsleg verknad det har for vedkomande og barnet at han vert rekna for faren.

       Førelegget skal sendast til den utlagde faren i rekommandert brev eller ved bruk av elektronisk kommunikasjon dersom det er nytta ein betryggande metode for å sikre at førelegget er mottatt.

Endra med lov 21 des 2001 nr. 117 (ikr. 1 jan 2002, etter res. 21 des 2001 nr. 1475).

§ 13. Når saka går til retten m.m.

       Arbeids- og velferdsdirektoratet skal sende stemning til tingretten til avgjerd etter kapittel 4 dersom:

a)farskapsførelegg ikkje vert skrive ut, og heimelen for dette ikkje er § 11 femte stykket.
b)det ikkje har late seg gjere å få framsendt førelegget.
c)den utlagde faren ikkje har vedgått farskapen innan ein månad etter at han tok imot førelegget.

       Når farskapen er vedgått i samsvar med § 4, skal saka ikkje i noko tilfelle gå til retten. Mora skal få melding om vedgåinga.

       Endar ei rettssak utan at farskapen vert fastsett, og den heller ikkje vert fastsett seinare, kan Arbeids- og velferdsdirektoratet skrive ut nytt farskapsførelegg og sende saka til retten dersom det kjem fram nye opplysningar som tyder på at faren kan vere ein mann som tidlegare ikkje har vore part i saka.

Endra med lover 19 juni 1992 nr. 63, 16 juni 1994 nr. 21, 13 juni 1997 nr. 39 (ikr. 1 jan 1998, etter res. 13 juni 1997 nr. 576), 14 des 2001 nr. 98 (ikr. 1 jan 2002, etter res. 14 des 2001 nr. 1416), 16 juni 2006 nr. 20 (ikr. 1 juli 2006, etter res. 16 juni 2006 nr. 631).

Kapittel 4. Rettargang i farskapssaker.

§ 14. Tilhøvet til allmenne rettargangsreglar.

       For farskapssaker gjeld reglane i dette kapittel, domstolloven og tvisteloven.

Endra med lov 17 juni 2005 nr. 90 (ikr. 1 jan 2008, etter res. 26 jan 2007 nr. 88) som endra med lov 26 jan 2007 nr. 3.

§ 15. Kva for domstol saka høyrer under.

       Saka skal reisast ved det alminnelege vernetinget til barnet. Lever ikkje barnet eller bur det utanfor riket, skal saka reisast ved det alminnelege vernetinget til mora. Er også ho død eller busett utanfor riket, skal saka reisast ved det alminnelege vernetinget til den oppgjevne faren.

Barneloven med lover 11 juni 1993 nr. 83, 17 juni 2005 nr. 90 (ikr. 1 jan 2008, etter res. 26 jan 2007 nr. 88) som endra med lov 26 jan 2007 nr. 3.

§ 16. Kva for spørsmål som kan takast opp i ei farskapssak.

       I ei farskapssak kan andre tvistemål berre takast opp når dei gjeld ei følgje av farskapen eller av farskapssaka.

§ 17. Partane i saka.

       I farskapssaker er både barnet, mora og kvar mann som vert rekna for faren eller kan vere det, partar i saka.

       Døyr ein mann som kan vere far til barnet, skal dødsbuet eller arvingane hans gjerast til part.

       Kjem det fram opplysningar som tyder på at nokon annan kan vere faren, skal retten ved prosesskriv gjere han til saksøkt.

Barneloven endret med lov 17 juni 2005 nr. 90 (ikr. 1 jan 2008, etter res. 26 jan 2007 nr. 88) som endra med lov 26 jan 2007 nr. 3.

§ 18. Setteverje for barnet.

       Er det ikkje oppnemnd verje for barnet, skal retten syte for oppnemning av setteverje når mora ikkje gjev opp kven faren er, eller når det ligg føre opplysningar som tyder på at faren kan vere ein annan enn den mora har gjeve opp.

§ 19. Tilseiing om stemning og innkalling.

       Ved tilseiing for nokon etter domstollova § 181 skal namnet på andre partar berre gjerast kjent når retten fastset det av særlege grunnar.

Endra med lov 17 juni 2005 nr. 90 (ikr. 1 jan 2008, etter res. 26 jan 2007 nr. 88) som endra med lov 26 jan 2007 nr. 3.

§ 20. (Oppheva med lov 28 apr 2000 nr. 34 (ikr. 1 juli 2000, etter res. 28 apr 2000 nr. 366).)

§ 21. Forklaring frå partar og vitne.

       Både mora og den som kan vere far til barnet, har plikt til å forklare seg i saka etter reglane for vitne og med same ansvar som vitne.

       Retten avgjer om ein part skal få høyre på medan ein annan part forklarar seg under saksførebuinga.

       I farskapssaker kan ingen nekte å svare på spørsmål fordi svaret kan føre til vesentleg tap av sosialt omdøme eller anna vesentleg velferdstap for vedkomande, jf. tvisteloven § 22-9.

       Når eit vitne har forklara seg under saksførebuinga, treng det ikkje kallast inn til hovudforhandlinga når retten held nytt avhøyr for uturvande og partane ikkje krev nytt avhøyr.

Endra med lov 17 juni 2005 nr. 90 (ikr. 1 jan 2008, etter res. 26 jan 2007 nr. 88) som endra med lov 26 jan 2007 nr. 3.

§ 22. Provføring om seksuelle tilhøve.

       I farskapssaker må det ikkje spørjast eller førast prov om seksuelle tilhøve for partane utanom den tida då mora kan ha blitt med barnet. Retten kan i orskurd likevel tillate slik provføring, når den finn at det har beinveges verknad for avgjerda i saka.

§ 23. Fråvering.

       Saka stoggar ikkje om nokon av partane eller alle partar let vere å møte.

       Forklaring som er gjeve under saksførebuinga, kan lesast opp under hovudforhandlingane der vedkomande ikkje møter, om ikkje særlege grunnar taler mot.

§ 24. Blodprøve og gransking av arvemerke.

       Retten kan vedta å granske blodtypen eller andre arvemerke hos mora, barnet og kvar mann som er part i saka. Er det grunn til å tru at ein mann som ikkje er part, har hatt samlege med mora på den tid ho kan ha blitt med barnet, kan retten vedta slik gransking også hos han når han først har fått sagt si meining. Offentlig lækjar har plikt til å ta naudsynt blodprøve.

       Er ein som kan vere far til barnet død eller utilgjengeleg av annan grunn, kan retten som prov i ei farskapssak innhente og gjere bruk av biologisk materiale eller prøver som tidlegare er tatt av han. Departementet kan ved forskrift gje utfyllande reglar om innhenting og bruk av slikt materiale.

       Let nokon vere å rette seg etter påbod etter første stykket eller § 11 første stykket om å kome sjølv eller med barn vedkomande har omsorg for, til blodprøvetaking eller anna gransking av arvemerke, kan retten i orskurd fastsetje ei tvangsbot for kvar dag som går til påbodet er etterkome. Slik tvangsbot skal krevjast inn av innkrevjingssentralen for fostringstilskot etter reglane om innkrevjing av fostringstilskot. Elles gjeld tvangsfullbyrdelsesloven § 13-8 på tilsvarande måte. I staden for tvangsbot kan retten vedta at vedkomande skal gripast av politiet og førast til lækjar til blodprøvetaking.

Endra med lover 19 juni 1992 nr. 63, 11 juni 1993 nr. 83, 13 juni 1997 nr. 39 (ikr. 1 jan 1998), 17 juni 2005 nr. 90 (ikr. 1 jan 2008, etter res. 26 jan 2007 nr. 88) som endra med lov 26 jan 2007 nr. 3.

§ 25. Dom utan hovudforhandling.

       Retten kan seie dom i farskapssak utan hovudforhandling når ein DNA-test anten utpeikar ein mann som far eller viser at han ikkje kan vere far til barnet, likevel slik at partane skal få høve til å uttale seg om føresetnaden for å seie dom utan at hovudforhandling ligg føre.

       Med samtykke frå mor til barnet kan retten gje frifinningsdom for alle menn som er partar i saka, når retten etter at gransking av blodprøver og forklaring frå partar og vitne er tilendeført, finn det klart at det ikkje let seg gjere å gje dom for farskap.

Endra med lov 13 juni 1997 nr. 39 (ikr. 1 jan 1998).

§ 26. Heving av saka.

       Retten kan heve saka i orskurd når

a)ein mann vedgår i samsvar med § 4 at han er far til barnet, eller
b)den oppgjevne faren bur i utlandet og det er uråd å få nok opplysningar til å fastsetje farskapen.

       Har ein mann vedgått farskapen ved påteikning på farskapsførelegg, og mora ikkje har oppgjeve han som far, kan saka hevast etter første stykket bokstav a berre når mora samtykkjer.

§ 27. Utvida rettskraft.

       Ein rettskraftig dom i ei farskapssak gjeld for og mot alle og skal leggjast til grunn i alle tilhøve der farskapen har noko å seie.

§ 28. Særreglar for ankesaker

       Alle partane i saka på første rettssteget held fram å vere partar i ankesaka. Den som er frifunnen etter § 25 første stykket, er likevel berre part når retten eller nokon av dei andre partane dreg han inn i saka. Tyder opplysningar som kjem fram i ankesaka på at nokon annan kan vere faren, skal retten anten gjere han til part i prosesskrift eller oppheve dommen og sende saka til ny forhandling i tingretten.

Endra med lover 14 des 2001 nr. 98 (ikr. 1 jan 2002, etter res. 14 des 2001 nr. 1416), 17 juni 2005 nr. 90 (ikr. 1 jan 2008, etter res. 26 jan 2007 nr. 88) som endra med lov 26 jan 2007 nr. 3.

§ 28a. Særreglar om gjenopning

       Dersom det ikkje låg føre ein DNA-analyse i saka, kan ei rettskraftig avgjerd krevjast gjenopna utan omsyn til vilkåra i tvisteloven §§ 31-3 til 31-6. Vert det kravd gjenopning, skal retten gje pålegg om blodprøve og DNA-analyse. Når DNA-analysen ligg føre, gjeld regelen i § 25 første stykket.

       I andre farskapssaker gjeld ikkje fristen i tvisteloven § 31-6 andre stykket for å krevje gjenopning av saka.

Føyd til med lov 20 des 2002 nr. 92 (ikr. 1 apr 2003, etter res. 20 des 2002 nr. 1696), endra med lov 17 juni 2005 nr. 90 (ikr. 1 jan 2008, etter res. 26 jan 2007 nr. 88) som endra med lov 26 jan 2007 nr. 3.

§ 29. Kostnaden med saka.

       Staten ber den kostnaden som retten har med saka, også kostnaden med å få tak i opplysningar som retten finn naudsynte.

Kapittel 4A. Rettargang i andre slektskapssaker enn farskapssaker.

Kapitlet føyd til med lov 17 juni 2005 nr. 90 (ikr. 1 jan 2008, etter res. 26 jan 2007 nr. 88) som endra med lov 26 jan 2007 nr. 3.

§ 29a. Verkeområdet og tilhøvet til allmenne rettargangsreglar

       Reglane i dette kapitlet gjeld sak for domstolane om ein slektskap i rett opp- eller nedstigande line (slektskapssak), anna enn farskap.

       I ei slektskapssak kan andre tvistar berre takast opp når dei følgjer av slektskapen eller slektskapssaka.

       Reglane i domstolloven og tvisteloven gjeld så langt ikkje anna er sagt.

Føyd til med lov 17 juni 2005 nr. 90 (ikr. 1 jan 2008, etter res. 26 jan 2007 nr. 88) som endra med lov 26 jan 2007 nr. 3.

§ 29b. Kven som kan vere part i slektskapssak

       Berre dei som det er påstått er i slekt, kan reise slektskapssak seg imellom. Saka må reisast mot den eller dei som er påstått nærast i slekt.

       For å vareta offentlege interesser har Arbeids- og velferdsetaten rett til å møte i ei slektskapssak og til å anke eller krevje gjenopning av saka. Retten skal gje melding til Arbeids- og velferdsetaten om saka og om nokon av partane ikkje møter.

       Dersom nokon som påstår å vere lengre ute i slekt har reist sak, har livsarvingane etter ein slektning som ikkje lenger er i live, rett til å gå inn i saka og til å anke eller krevje gjenopning av saka.

       Døyr ein part før dom er sagt, kan dei næraste slektningane i rett opp- eller nedstigande line til den avlidne halde fram med saka. Døyr ein part etter at dom er sagt, kan dei som er nemnde i første punktum, dødsbuet eller arvingar om dommen rører ved interessene deira, anke eller krevje at saka vert gjenopna.

Føyd til med lov 17 juni 2005 nr. 90 (ikr. 1 jan 2008, etter res. 26 jan 2007 nr. 88) som endra med lov 26 jan 2007 nr. 3.

§ 29c. Stillinga til verja

       Verja kan ikkje reise slektskapssak for ein umyndig som har fylt 15 år, utan samtykke frå den umyndige med mindre den umyndige er alvorleg psykisk sjuk eller utviklingshemma.

Føyd til med lov 17 juni 2005 nr. 90 (ikr. 1 jan 2008, etter res. 26 jan 2007 nr. 88) som endra med lover 26 jan 2007 nr. 3 og 21 des 2007 nr. 127.

§ 29d. Utvida rettskraft

       Rettskraftig dom i ei slektskapssak gjeld for og mot alle og skal leggjast til grunn i alle høve der slektskapen har noko å seie.

       Er saka reist mellom nokon som det er påstått er lengre ut i slekt, gjeld dommen berre mot ein nærare slektning eller livsarvingane hans eller hennar dersom vedkommande er gått inn i saka eller varsla om ho.

       Det same gjeld for den som sjølv krev å vere forelder eller den som slektskapssaka gjeld.

Føyd til med lov 17 juni 2005 nr. 90 (ikr. 1 jan 2008, etter res. 26 jan 2007 nr. 88) som endra med lov 26 jan 2007 nr. 3.

§ 29e. Gjenopning

       Fristen for gjenopning av saka etter tvisteloven § 31-6 andre ledd gjeld ikkje i slektskapssaker.

Føyd til med lov 17 juni 2005 nr. 90 (ikr. 1 jan 2008, etter res. 26 jan 2007 nr. 88) som endret ved lov 26 jan 2007 nr. 3.

Kapittel 5. Foreldreansvaret og kvar barnet skal bu fast.

Endra med lov 13 juni 1997 nr. 39 (ikr. 1 jan 1998).

§ 30. Innhaldet i foreldreansvaret.

       Barnet har krav på omsut og omtanke frå dei som har foreldreansvaret. Dei har rett og plikt til å ta avgjerder for barnet i personlege tilhøve innanfor dei grensene som §§ 31 til 33 set. Foreldreansvaret skal utøvast ut frå barnet sine interesser og behov.

       Dei som har foreldreansvaret, er skyldige til å gje barnet forsvarleg oppseding og forsyting. Dei skal syte for at barnet får utdanning etter evne og givnad.

       Barnet må ikkje bli utsett for vald eller på anna vis bli handsama slik at den fysiske eller psykiske helsa blir utsett for skade eller fare. Dette gjeld òg når valden brukast som ledd i oppsedinga av barnet. Bruk av vald og skremmande eller plagsam framferd eller annan omsynslaus åtferd overfor barnet er forbode.

       Om retten til å ta avgjerd for barnet i økonomiske tilhøve gjeld reglane i verjemålslova 22. april 1927 nr. 3.

Endra med lover 6 feb 1987 nr. 11, 9 apr 2010 nr. 13 (ikr. 9 apr 2010, etter res. 9 apr 2010 nr. 500).

§ 30a. Avtale om ekteskap.

       Ein avtale foreldre eller andre gjer om ekteskap på vegner av barnet, er ikkje bindande.

Føyd til med lov 19 des 2003 nr. 119 (ikr. 19 des 2003, etter res. 19 des 2003 nr. 1762).

§ 31. Rett for barnet til å vere med på avgjerd

       Etter kvart som barnet blir i stand til å danne seg eigne synspunkt på det saka dreiar seg om, skal foreldra høyre kva barnet har å seie før dei tek avgjerd om personlege tilhøve for barnet. Dei skal leggje vekt på det barnet meiner alt etter kor gammalt og modent barnet er. Det same gjeld for andre som barnet bur hos eller som har med barnet å gjere.

       Når barnet er fylt 7 år, skal det få seie si meining før det vert teke avgjerd om personlege tilhøve for barnet, mellom anna i sak om kven av foreldra det skal bu hos. Når barnet er fylt 12 år skal det leggjast stor vekt på kva barnet meiner.

Endra med lov 20 juni 2003 nr. 40 (ikr. 1 apr 2004, etter res. 20 juni 2003 nr. 728).

§ 32. Utdanning, medlemskap i foreiningar.

       Barn som er fylt 15 år, avgjer sjølv spørsmål om val av utdanning og om å melde seg inn i eller ut av foreiningar.

§ 33. Barnet sin sjølvråderett.

       Foreldra skal gje barnet stendig større sjølvråderett med alderen og fram til det er myndig.

§ 34. Foreldreansvaret når foreldra er eller har vore gifte

       Foreldre som er gifte, har foreldreansvaret saman for sams barn.

       Foreldre som separerer eller skil seg, kan avtale at dei skal ha foreldreansvaret saman eller at ein av dei skal ha det aleine. Inntil avtale eller avgjerd om foreldreansvaret ligg føre, har dei ansvaret saman.

Endra med lover 3 mars 1989 nr. 8, 25 sep 1992 nr. 106, 13 juni 1997 nr. 39 (ikr. 1 jan 1998), 20 juni 2003 nr. 40 (ikr. 1 apr 2004, etter res. 20 juni 2003 nr. 728).

§ 35. Foreldreansvaret når foreldra ikkje er gifte.

       Når foreldra ikkje er gifte eller bur saman, jf. § 39, har mora foreldreansvaret åleine.

       Foreldre som bur saman har foreldreansvaret saman for sams barn.

       Foreldra som ikkje er gifte eller har foreldreansvaret saman etter andre ledd, kan likevel etter avtale gje melding til folkeregistermyndigheita om at dei skal ha foreldreansvaret saman eller at faren skal ha foreldreansvaret åleine.

       Har ugifte foreldre foreldreansvaret saman, men barnet bur fast berre saman med den eine, gjeld reglane i § 37.

Endra med lover 13 juni 1997 nr. 39 (ikr. 1 jan 1998), 20 juni 2003 nr. 40 (ikr. 1 apr 2004, etter res. 20 juni 2003 nr. 728), 17 juni 2005 nr. 63 (ikr. 1 jan 2006, etter res. 17 juni 2005 nr. 612), (etter Innst.O.nr.84 (2004-2005) med vedlegg gjeld føresegna i andre leden berre barn fødd etter 1 jan 2006), 29 juni 2007 nr. 53 (ikr. 1 jan 2008, etter res. 7 des 2007 nr. 1370).

§ 35a. (Oppheva med lov 20 juni 2003 nr. 40 (ikr. 1 apr 2004, etter res. 20 juni 2003 nr. 728).)

§ 36. Kvar barnet skal bu fast

       Foreldra kan gjere avtale om at barnet skal bu fast hos anten ein av dei eller begge.

       Er foreldra usamde, må retten avgjere at barnet skal bu fast hos ein av dei. Dersom det ligg føre særlege grunnar, kan retten likevel avgjere at barnet skal bu fast hos begge.

Endra med lover 13 juni 1997 nr. 39 (ikr. 1 jan 1998), 14 des 2001 nr. 98 (ikr. 1 jan 2002, etter res. 14 des 2001 nr. 1416), 30 aug 2002 nr. 67 (ikr. 1 jan 2003, etter res. 30 aug 2002 nr. 938), 20 juni 2003 nr. 40, endra paragrafnummeret frå § 35a (ikr. 1 apr 2004, etter res. 20 juni 2003 nr. 728), 9 apr 2010 nr. 13 (ikr. 1 juli 2010, etter res. 9 apr 2010 nr. 500).

§ 37. Avgjerder som kan takast av den som barnet bur fast saman med.

       Har foreldra sams foreldreansvar, men barnet bur fast saman med berre den eine, kan den andre ikkje setje seg mot at den barnet bur saman med, tek avgjerder som gjeld vesentlege sider av omsuta for barnet, m.a. spørsmålet om barnet skal vere i barnehage, kor i landet barnet skal bu og andre større avgjerder om dagleglivet.

Føyd til med lov 13 juni 1997 nr. 39 (ikr. 1 jan 1998), endra med lov 20 juni 2003 nr. 40, endra paragrafnummeret frå § 35 b (ikr. 1 apr 2004, etter res. 20 juni 2003 nr. 728).

§ 38. Foreldreansvar etter dødsfall

       Døyr den eine av foreldra som har foreldreansvaret saman, får den attlevande foreldreansvaret aleine. Dersom den attlevande er sikta eller tiltala for forsettleg eller overlagt å ha valda at den andre er død, skal tingretten ta førebels avgjerd om foreldreansvaret etter reglane i § 60 a.

       Bur barnet saman med begge foreldra og den eine av dei døyr, får den attlevande foreldreansvaret aleine, jamvel om berre den avdøde hadde foreldreansvar. Dette gjeld ikkje i høve der den attlevande er sikta, tiltala eller dømd slik det er omtala i første stykket andre punktum.

       Fører dødsfall til at ingen lenger har foreldreansvaret for eit barn, skal lensmannen eller tingretten få opplysning om det i dødsfallsmeldinga. Tingretten skal ta avgjerd om foreldreansvaret etter reglane i § 63.

       Andre enn foreldra kan krevje å få foreldreansvaret til barnet etter dødsfall etter reglane i § 63.

       For den eller dei som får foreldreansvaret, gjeld reglane i kapitlet her og kapittel 6.

Tidlegare § 36. Endra med lover 13 juni 1997 nr. 39 (ikr. 1 jan 1998 – men slik at endringa ikkje gjeld der den avlidne døydde før 1 jan 1998), 14 des 2001 nr. 98 (ikr. 1 jan 2002, etter res. 14 des 2001 nr. 1416), 30 aug 2002 nr. 67 (ikr. 1 jan 2003 etter res. 30 aug 2002 nr. 938), 20 juni 2003 nr. 40 (ikr. 1 apr 2004, etter res. 20 juni 2003 nr. 728), 25 juni 2004 nr. 53 (ikr. 1 jan 2006, etter res. 19 aug 2005 nr. 901) som endra med lov 17 juni 2005 nr. 84, 7 apr 2006 nr. 6 (ikr. 1 jan 2007, etter res. 7 apr 2006 nr. 392).

§ 39. Registrering av foreldreansvaret

       Avtale eller avgjerd om foreldreansvaret skal meldast til folkeregistermyndigheita. Avtale om foreldreansvar som ikkje er meldt til folkeregistermyndigheita er ikkje gyldig. Dersom farskap eller medmorskap er fastsett og foreldra er folkeregistrerte på same adresse eller erklærer i melding til folkeregistermyndigheita at dei bur saman, skal folkeregistermyndigheita registrera at foreldra har foreldreansvaret saman.

Føyd til med lov 13 juni 1997 nr. 39 (ikr. 1 jan 1998, men slik at endringa ikkje gjeld for avtaler som er inngått før 1 jan 1998), endra med lover 20 juni 2003 nr. 40 (ikr. 1 apr 2004, etter res. 20 juni 2003 nr. 728), endra paragrafnummeret frå § 41 a, 17 juni 2005 nr. 63 (ikr. 1 jan 2006, etter res. 17 juni 2005 nr. 612), 29 juni 2007 nr. 53 (ikr. 1 jan 2008, etter res. 7 des 2007 nr. 1370), 27 juni 2008 nr. 53 (ikr. 1 jan 2009, etter res. 27 juni 2008 nr. 745).

§ 40. Flytting med barnet til utlandet.

       Har den eine av foreldra foreldreansvaret åleine, kan den andre ikkje setje seg imot at barnet flyttar ut av landet. Dersom foreldra har foreldreansvaret saman, må begge samtykkje til at barnet skal flytte til utlandet.

       Er foreldra usamde om kven som skal ha foreldreansvaret eller kven barnet skal bu fast saman med, må barnet ikkje flytte ut av landet før saka er avgjort.

Endra med lover 13 juni 1997 nr. 39 (ikr. 1 jan 1998), 20 juni 2003 nr. 40, endra paragrafnummeret frå § 43 (ikr. 1 apr 2004, etter res. 20 juni 2003 nr. 728).

§ 41. Utanlandsferd med barnet.

       Den som har sams foreldreansvar eller foreldreansvaret åleine, kan ta barnet med på stuttare utanlandsferder. Har foreldra sams foreldreansvar, kan retten i orskurd setje forbod mot utanlandsferd med barnet, dersom det er uvisst om barnet vil kome attende. Forbodet kan gjelde ei enkelt reise eller ålment, og kan også setjast i ei sak om foreldreansvaret, kven barnet skal bu saman med eller samværsrett. Retten kan ta førebels avgjerd for tida fram til saka er endeleg avgjord.

       I sak der det vert nedlagt reiseforbod, skal barnet førast ut av passet til den som vil forlate landet, eller barnet sitt pass skal trekkjast attende, eller barnet kan setjast bort til andre på forsvarleg måte til saka er avgjord.

       Dersom det er fare for at barnet ikkje vil kome attende, kan politiet leggje ned førebels utreiseforbod fram til saka kan handsamast av retten. Andre stykket gjeld tilsvarande.

       Den av foreldra som ikkje har foreldreansvaret, kan ikkje reise til utlandet med barnet utan samtykkje frå den som har foreldreansvaret. Retten kan likevel etter krav frå den som vil reise, gje samtykke til utanlandsferd med barnet når det er openbert at barnet vil kome attende. Første stykket tredje og fjerde punktum gjeld tilsvarande for samtykkjet.

Føyd til med lov 13 juni 1997 nr. 39 (ikr. 1 jan 1998), endra med lov 20 juni 2003 nr. 40, endra paragrafnummeret frå § 43 a (ikr. 1 apr 2004, etter res. 20 juni 2003 nr. 728).

Kapittel 6. Samværsrett m.m.

§ 42. Barnet sin rett til samvær.

       Barnet har rett til samvær med begge foreldra, jamvel om dei lever kvar for seg. Foreldra har gjensidig ansvar for at samværsretten vert oppfyld. Dersom ein av foreldra vil flytte, og det er avtale eller avgjerd om samvær, skal den som vil flytte, varsle den andre seinast seks veker før flyttinga.

       Barnet har krav på omsut og omtanke frå den som er saman med barnet. Den som er saman med barnet, kan ta avgjerder som gjeld omsuta for barnet under samværet.

Endra med lover 3 mars 1989 nr. 8 (ikr. 1 mai 1989, men slik at endringa i andre leden ikkje gjeld for barn fødd før 1 mai 1989), 25 sep 1992 nr. 106, 13 juni 1997 nr. 39 (ikr. 1 jan 1998), 20 juni 2003 nr. 40, endra paragrafnummeret frå § 44 (ikr. 1 apr 2004 etter res. 20 juni 2003 nr. 728), 9 apr 2010 nr. 13 (ikr. 1 juli 2010, etter res. 9 apr 2010 nr. 500).

§ 43. Omfanget av samværet mv.

       Den av foreldra som barnet ikkje bur saman med, har rett til samvær med barnet om ikkje anna er avtala eller fastsett. Omfanget av samværsretten bør avtalast nærare. Dersom samvær ikkje er til beste for barnet, må retten avgjere at det ikkje skal vere samvær.

       Foreldra avtalar sjølve omfanget av samværsretten på bakgrunn av kva dei meiner er best for barnet. § 31 andre stykket gjeld for foreldra. I avtale eller avgjerd om samvær skal det mellom anna leggjast vekt på omsynet til best mogleg samla foreldrekontakt, kor gammalt barnet er, i kva grad barnet er knytt til nærmiljøet, reiseavstanden mellom foreldra og omsynet til barnet elles. Vert det avtala eller fastsett « vanleg samværsrett », gjev det rett til å vere saman med barnet ein ettermiddag i veka med overnatting, annakvar helg, til saman tre veker i sommarferien, og annankvar haust-, jule-, vinter- og påskeferie.

       Det kan i avtale eller i dom setjast vilkår for gjennomføringa av samværsretten. Dersom tilsyn vert sett som vilkår for samvær, kan retten i særlege høve påleggje departementet å oppnemne tilsynsperson. Departementet kan gje forskrifter med nærare føresegner om oppnemning av tilsynsperson, utøving av tilsynet og godtgjering for dette.

       Den andre av foreldra skal få melding i rimeleg tid føreåt når samværet ikkje kan finne stad som fastsett, eller når tida for samværet må avtalast nærare.

       Dersom den som har foreldreansvaret eller som barnet bur hos hindrar at ein samværsrett kan gjennomførast, kan den som har samværsretten krevje ny avgjerd av kven som skal ha foreldreansvaret eller kven barnet skal bu saman med, jf. § 64.

Endra med lover 20 juni 2003 nr. 40, tidlegare § 44 a (ikr. 1 apr 2004, etter res. 20 juni 2003 nr. 728), 7 apr 2006 nr. 6 (første og andre leden ikr. 7 apr 2006, tredje ledd ikr. 1 jan 2007, etter res. 7 apr 2006 nr. 392), 9 apr 2010 nr. 13 (ikr. 1 juli 2010, etter res. 9 apr 2010 nr. 500).

§ 44. Reisekostnader ved samvær

       Reisekostnadene ved samvær skal delast mellom foreldra etter storleiken på inntektene deira der foreldra ikkje blir samde om noko anna. Kostnadene som skal delast, er kostnader til barnet si reise, foreldra sine nødvendige kostnader til reise i samband med å hente eller bringe barnet til samværet og samværsforelderen sine kostnader til eiga reise når samværet skjer der barnet bur.

       Dersom særlege grunnar gjer det rimeleg, kan retten fastsetje ei anna fordeling av reisekostnadene. Er foreldra samde om det, kan sak om reisekostnadene i staden gå til fylkesmannen. Har barnet fylt 15 år, kan sak om reisekostnader gå til fylkesmannen jamvel om berre ein av foreldra ber om det. Reglane i § 64 gjeld tilsvarande. Fylkesmannen eller departementet sitt vedtak er tvangsgrunnlag for utlegg.

Les resten av loven her.